Bli med Breoppleving på langs av Jostedalsbreen. Turen tek tre dagar, vi overnattar i telt, og du får ei oppleving du seint vil gløyme.

Erfarne førarar tek deg med gjennom brefall og opp på platået første dagen. Her overnattar vi rett under Lodalskåpa (2083 moh), og dei som vil kan bli med opp på toppen om veret er godt. Dei to neste dagane går vi sørover breen, med ei utsikt du neppe har opplevd før. Vi passerer kjente toppar og brefall, og siste dagen går vi nedover mot Fjærland med fjorden i bakgrunnen.

Jostedalsbreen på langs har etablert seg som den store styrkeprøva for friluftsfolk. Viss du er vant med å gå på ski med sekk så vil du klare denne turen. Men sliten må du rekne med å bli innimellom.

Breoppleving går den originale ruta frå Erdalen i Stryn til Fjærland. Då får du med deg alt av brefall, toppar og utsiktspunkt.

For detaljert informasjon, bilete og inspirasjon gå til www.jostedalsbreen.net