Vi har marknadens breiaste tilbod i brekurs, tilpassa alle forkunnskapar og spesialinteresser.

Brekursa varer i ei veke og her lærer du alt du treng for å gå på bre utan førar. Først lærer du teknikkar for vandring og sikring i is, så redning og vegval, og etter kvart sikring i snø, klatring og orientering. Du treng ingen forkunnskap utover ei interesse for friluftsliv, og etter kurset meistrer du eit nytt element og har fått nye vener.

Minibrekursa er halve brekurset, enten tema is eller tema snø.

Vidaregåande brekurs er for dei som har gått brekurs og vil være meir. Her kjem vi innom avansert redning, klatremetoden og overnattar oppe på breen. Dette er kurset for entusiasten som virkelig er likte brekurset.

Brekurs for klatrarar og brekurs for skikøyrarar er spesialkurs som vi stort sett gjennomfører for grupper.

Instruktørkursa er delt i tre. Først må du ta metodekurs, deretter praksis på eit brekurs, så veilederkurs. Når alt er godkjent kan du være instruktør på brekurs. Og vi treng stadig nye instruktørar.

For detaljert informasjon, bilete og inspirasjon, gå til www.bre.no